Kvifor skal det eine utelukke det andre? – Os & Fusaposten 26. Mai 2012

Et godt dansk ordtak seier ”Det er tungt å betale for brød som allerede er spist.”

Det tenkjer eg er veldig sant. Kanskje blir det ekstra tungt når ein ikkje var med på bestillinga av brødet i det heile.

Første gong eg vitja Oseana var det med blanda kjensler. Eg elskar musikk, kunst og kultur med heile mi hoppande blodpumpe. For å nytte ein skikkeleg seig klisjè, så meiner eg verkeleg at det er livets krydder. I denne vesla bygda har vi mange fantastiske kunstnarar, som fortener å få eit høveleg hus å boltre seg i.

Men slit du med å få endane til å i det heile tatt være i same kommune, så blir det så uforståeleg korleis ein kan beslutte å nytte så mykje penger på eit, ja, eg vil kalle det overflødighetshorn.

Det er ei kjent sak at vi vil møte eit smell av ei eldrebølgje om ikkje lenge, og om dei ikkje får seg jobb i Bingobanden på TV, så blir de vanskeleg for oss å oppdrive noko meir enn smular til dei.

Det er sjølvsagt freistande då å flytte ansvaret for at vi har brukt opp alle pengane vi hadde i sparegrisen, og faktisk plyndra ungane sine sparebøsser òg, over til dei som sit med makta i hovudstaden.

Men det ble rekna grundig feil. Legg til at vi ikkje hadde det vi skulle hatt i utgangspunktet. Vi byrja å byggje før vi hadde fått lovnad om pengar, og skaut med kraftig skyts mot aust, når pengane vi aldri var blitt lova, ikkje kom.

Nokre menn skaffar seg såkalla ”penisforstørringer” i form av heftige bilar og spreke damer, eller var det andre vegen? Det er ikkje så nøyes, du skjøner kva eg meiner.

Eg vil ikkje påstå at nokon i kommunen lir av slike kompleks, det ville jo vere å slå under beltestaden, og det ligg ikkje i min natur å gjere, sjølvsagt. Men eg undrar meg på om ein stor del av motivasjonen var å vise ”Sjå kva eg gjorde då eg bestemte i bygda. Er det ikkje flott? Er det ikkje stort? Er det ikkje herleg at det ikkje er eg som skulle betala for det?”

Jau, eg er nok litt der, eg.

Slått i bakken
Tilbake til første gong eg vitja Oseana, ja. Eg vart rett og slett slått i bakken. Det var vakkert. Å sitje på terrassen der, med ein framifrå kaffi og skue utover sjøen … nydeleg! Berre himmel og sjø, ro og fred.

Men  var det riktig å bake ei kjempekake, når vi måtte låne både sukker, mel og egg hos naboen?

Og kunne det nyttast slik vi hadde tenkt?

Nei, det viser seg at det vart vanskeleg. Om det er planlegginga som har våre for dårleg? Maksimal uflaks, igjen og igjen? Eller rett og slett bortskjemte osingar? Ja det er ikkje godt å seie.

Så er vi, som den godaste Marie B seier i avisa, bortskjemte? Er det der det ligg? Vel, vel.

Eg er sjølv glad i lagsånda, og er oppvaksen i ein heim med ein far som var på ”dagnud” som han pla seie, støtt og stadig. Ikkje fordi han ikkje hadde det så fint heime, som dei seier i reklamen, men fordi han likte å jobbe, å være sosial.

Framleis finn vi mange slike. Her litt nord for Os, der eg bur, har vi nokre framifrå eksempel, ein heil gjeng som gjerne brettar opp skjorteermane utan å sende faktura etterpå. Vi er heldige slik, her oppe på Søfteland.

Ikkje som vi trudde
Men leiga som lag må betala i Oseana er ikkje som vi trudde. No må då altså eldsjelene betale for å gå på dugnad? For 3000 kroner får du lov til å ruke søndagen din for å hjelpe til? Den er vel kan hende noko vanskeleg å selje inn.

I avisa kunne eg lese at eit lag som ville ha nokre øvingar og så ei framsyning i Oseana, fekk ein prislapp på kr 59.000. Då er det mange som vender buken opp, gjev seg, seier takk og farvel. Er det eit slikt samfunn vi ønskjer oss? Alt skal koste noko, helst ein god neve pengar?

Bjørnstjerne Bjørnson sa ”Det går langsomt utan penger, men det går!” Og for mange lag, så er det – fantastisk nok – framleis slik.

Ønskjer vi verkeleg å øydeleggje dette? Er det noko vi ønskjer å lære komande slekt?

Det blir vist til at det vil koste 60-80 mill. å ruste opp Fjellheim. Dette er eit reknestykke eg kunne likt å sjå. Jan Gaassand seier, i same avisa, at ein slik påstand seier meir om den politiske kompetansen innan økonomi enn om Fjellheim. Eg må seie at eg humra litt over dette, for tanken har slege meg hardt i bakhovudet mange ganger.

Ei heilt spesiell perle
For meg er Fjellheim ei heilt spesiell perle. Ja, etter 100 år har ho fått nokre rynker og skrammer, men vakker er ho.

Samanlikninga med spretne, unge Oseana, eblir heilt feil. Vi skulle ikkje måtte velje. Nokon liker mora og nokon liker dattera, plar ein seie så fint. Eg likar begge to, eg, og bestemora og svigermora òg. Kvifor skal det eine utelukke det andre? Det må no vel vere lov til å seie: ok, eg tok feil. Vi lagar ein plan C.

No er ikkje bygda vår så tett befolka at det ikkje er mogeleg å finne hustomter andre stader enn nett det Fjellheim står.

Kom an igjen, då! Lat Fjellheim stå!

Liv Berit Kallekleiv

This entry was posted in Lesarinnlegg i lokalpressa and tagged . Bookmark the permalink.

Comments are closed.