Os sentrum for heile Osbygdo – 19. september 2012

I Os er vi heldige å ha eit naturleg sentrum sjølv om vi alle også er opptekne av krinsen vi bur i. I kommunar med fleire sentra, har vi sett kor oppslitande debattar ein kan få om plassering av kommunale verksemder og andre servicetilbod. Ja, med feidar som kan gå på helsa laus.

Identitet og satsingsfelt
I vårt sentrum har vi bygningar som fortel om identiteten til bygdo, og slik også om røtene våre. Vi har Os kyrkje og prestegard som fortel om kyrkjestaden Os. Det er sikkert mange som har sett biletet der kyrkja og telthusplassen utgjer den tida sitt sentrum. Vi har tydelege minne frå strandstaden Os med endestasjonen for Osbanen som eit viktig kulturminne frå samferdslehistoria vår, eit knutepunkt mellom sjø og land som ga fjordbygdene høve til å få varene til den marknaden som Bergen var. Slik kan stasjonsområdet også representera ein del av den økonomiske historia til bygdene.

Også når det gjeld diskusjonen om Fjellheim, er det viktig både å ha slike historiske perspektiv og samstundes sjå samanhengen med den vidare utviklinga av Os sentrum.

Tettstadsanalyse og utvikling
Identitetsberande bygg og anlegg er viktige når ein skal utvikla sentrum i bygdene. I tettstadsanalysen søkjer ein kva som gjev identitet, og kva som kan gje opplevingar både for innbyggjarane og tilreisande. Ein vurderer også ny bruk av eksisterande bygg ut frå endringar i samfunnsutviklinga.

Den gongen trafikken vart omlagd på Os, hadde ein i forkant ein tettstadsanalyse, der ein m.a var oppteken av at sentrum skulle ha kontakt med sjøen igjen. Det la ein tilrette for med omsyn til kor ein plasserte rundkøyringo og med heva gangfelt mellom parkeringa og sjøen. Gjennom prosjektet Strandstaden Os fekk vi etter kvart gjestebryggja, Oselvarverkstaden og friområdet ved verkstaden. Det er område som i dag er verdsette og nytta av innbyggjarar og tilreisande. Områda ved elvemunninga har vorte utvikla, og ei storhende hadde vi i Os for eit år sidan med opning av det flotte kulturhuset vårt, Oseana. I desse dagar er arbeidet med opprusting av Mobergsvikjo som friareal i gang. Dette er tiltak som er viktige for tettstaden i kommunen, og som betyr noko i utviklinga av kvalitativt gode tilbod til oss alle.

Planarbeid for Os sentrum vest – med Fjellheim
Det er ulike planarbeid i gang i sentrum, og oppstart av arbeid med reguleringsplan for Kvernelva – Stegen –Fjellheim vart varsla i Os og Fusaposten 07.01.12 med frist for uttale til oppstart 15.02.12. Det er ABO som har oppdraget for kommunen.

Ved oppstart av eit slikt planarbeid, er det merkeleg at ABO legg inn riving av Fjellheim som ein grunnlagspremiss for områdeplanen, og i tillegg med ei særs tynn grunngjeving. Innbyggjarane i Os er gjort merksame på dette m.a. gjennom aksjonen ”Bevar Fjellheim”, og fleire syner si haldning gjennom å skriva under på underskriftlista til aksjonen. Vi er kjende med at det er trong for ein kulturarena i sentrum av Os for aktivitet, øving, utvikling og produksjon, både med tanke på kapasitet og prisnivå i kulturhuset vårt.

I innspel til oppstartmeldinga skriv Hordaland fylkeskommune om Fjellheim at ”bygningen er eit kulturminne med høg lokal og regional kulturminneverdi. Den har høge arkitektoniske kvalitetar, og er eit viktig kulturminne som gjev kunnskap om dei frivillige organisasjonane (turn- og musikklag) si kulturhistorie, samstundes som det var det ”første” kulturhuset som vart bygd i Os kommune.” Dette må vi ta med i det vidare planarbeidet.

Vekstkommune og verdiar
Vi er kjende med at Os er i vekst, og at folketalet vil auka i åra frametter. Difor er planprosessane som er i gang i sentrum, viktige for utviklinga av vårt felles sentrum inn i framtida. Her må vi ha von om at våre folkevalde både tenkjer framtidsretta, og nyttar den reiskapen som dei har i plan og bygningsloven både for kulturminne og omsynssonar. Det er område som vil vera av stor samfunnsmessig nytte i framtida.

I lanseringa av Oseana såg ein plasseringa i samanheng med kyststigen til Bjånes. Ei slik tenking er eit godt grep i sentrumsutvikling, og ein føresetnad for dei som satsar på kulturturisme. Vi har òg ei kulturhistorisk løype i planområdet som no er under arbeid.

Om ein startar vandringa frå Mobergsvikjo og Oseana, har ein Stasjonsområdet som alt er regulert til områdevern. I det aktuelle planområdet har ein Brannstasjonen – linjo – Fjellheim  og Bahus, bygningar med rik historie frå arbeid og fritid, etablerte av initiativrike og framsynte osingar. Bahusfabrikken som er ein viktig del av vår handverks- og industrihistorie, har alt synt at med nytt innhald er den ein framleis ein viktig arena for kultur og næring.

Eg ynskjer lykke til med arbeidet for dei planansvarlege og våre folkevalde, og eg oppmodar alle osingar som ynskjer eit godt sentrum i kommunen, om å engasjera seg for verdiar vi ynskjer å ta med inn i framtida. Det er no prosessane går.

Aksjonsgruppa: Bevar Fjellheim

This entry was posted in Innlegg frå aksjonsgruppa and tagged . Bookmark the permalink.

Comments are closed.