Kommunen treng framleis Fjellheim – Midtsiden 21. september 2012

Foreningen Bevar Fjellheim har fått spørsmål i Os og Fusaposten den 8.september 2012 som gjev oss høve til å peika på nokre av dei sentrale standpunkta til aksjonen.

Aksjonen starta i byrjinga av dette året for å gje merksemd til planar om riving av Fjellheim, og for å protestera mot dei. Opplysningane kom fram i samband med oppstart av område-regulering med utlysing 7. januar 2012 på grunnlag av vedtak i plan og bygningsutvalet 15. desember 2011.

Foreningen Bevar Fjellheim har med underskriftaksjonen gjeve høve for alle til å protestera mot riving av Fjellheim, og det er mange som protesterer. Dette vil bli brukt i samband med ”Innbyggjarinitiativet” frå Kommunelova paragraf 39A.

Når denne sentrumsplanen skal handsamast, har alle høve til å gje merknader til planen når den er til offentleg høyring.

Aksjonen har kome med mange argument, og du kan finna dei på heimesida vår: www.bevarfjellheim.no

Fjellheim er eit nyare tids kulturminne med lokal og regional verdi. I uttalen frå fylket ved fylkeskonservatoren heiter det: ”Bygningen er eit kulturminne med høg lokal og regional kulturminneverdi. Den har høge arkitektoniske kvalitetar, og er eit viktig kulturminne som gjev kunnskap om dei frivillige organisasjonane si kulturhistorie.”

Det er våre lokale politikare som kan sikra ivaretaking av Fjellheim med heimel i plan- og bygningslova.

Det er trong for eit hus som Fjellheim i Os for å oppretthalda eit aktivt kulturliv – både på kort og lang sikt. Oseana og Fjellheim stettar ulike behov. Eit levande kulturliv treng ein arena for øving og produksjon, ein arena der ungdom kan få organisasjons- og arrangementsrøynsle. Og ikkje minst ein arena som kan ha husleiga på eit nivå som laga kan makta.

Dette har aksjonen meint er ei viktig kommunal oppgåve, særleg med tanke på at Os er ein kommune i vekst når det gjeld folketal. Om ein ønskjer eit aktiv lagsliv i åra frametter, vil det vera trong for arenaer med storleik som Fjellheim. Plasseringa er ideell både som møtestad, og i eit sentrumsutviklingsperspektiv. Slik har aksjonen eit framtidsperspektiv.

Aksjonen vil gå i dialog med kommunen. Ein vesentleg føresetnad er at bygget får stå!

Gruppa sin plan er som tidlegare skreve i avisa – 2. juni 2012 – å drifta Fjellheim under ei stifting. Det vil vera brukarane som sit i styret for ”Stiftinga Fjellheim”.

Med situasjonen i dag der lovnaden til dei lokale laga om rimeleg leige ikkje er innfridd, der det ikkje er kapasitet til dei laga som treng ein arena og der kulturskulen må ut av lokala grunna pålegg frå arbeidstilsynet, vonar vi at politikarane våre kan vurdera situasjonen på nytt.

No når ein har sagt frå kommunalt hald at ein vil snu alle steinar, vonar vi at ein vil sjå igjen på den løysinga som ligg midt i synsfeltet – FJELLHEIM!

Foreningen Bevar Fjellheim

This entry was posted in Lesarinnlegg i lokalpressa and tagged . Bookmark the permalink.

Comments are closed.