Fjellheim – Os & Fusaposten og Midtsiden 3. august 2013

Det er berre nokre få bygningar som gir Osøyro slik identitet at heimavla og innflytta osingar har ei kjensle av å høyra til og farande folk ein følelse av å kjenna seg att.

Av Lars Skorpen

Då Fjellheim var ferdigbygd og klargjort for fest den 26. februar 1911, va det gått berre seks år sidan unionsoppløysinga og fire år sidan skilsmissa mellom Samnanger og Os.

Folk i fedrelandet var i ferd med å famla seg fram til nasjonal identitet, og osingane var for første gong herrar i eige hus. Slik blei Fjellheim eit symbol på at kulturlivet i kongeriket og kommunen skulle og kunne stå på eigne bein. Huset står der og vitnar om denne viktige perioden i historia, som gav oss både politisk og kulturelt sjølvstende.

Fritida skulle fyllast

Organisasjonslivet blomstra desse  åra rundt sekelskiftet. Skyttarlag, fråhaldslag og ungdomslag. Musikklag og idrettslag.

Folk fekk ferie og fritid som skulle fyllast forsvarleg. Toget til Bergen gjorde kilometrane kortare, og ekspertisen kunne lett hentast heim til den bynære bygda. Snart skulle bilen innhenta hestekjerra, og aviser, telegraf og telefon skapte nærare kommunikasjon mellom menneske.

I dette gryande sosiale samspelet såg Os Musikkforening dagslyset i 1901 og Os Turnforening fire år seinare. Saman kunne dei så reisa dette kulturhuset til kvardag og fest. Men så ei laurdagsnatt utpå ettersommaren i 1936 oppstod denne brannen som la gamle Fjellheim i grus, og nye flotte Fjellheim, som feira 75-årsdagen nyleg, reiste seg or oska halvtanna år seinare.

Ni engasjerte osingar

Bruksverdien betra seg betrakteleg fordi byggekomiteen våga å satsa stort og framtidsretta, no då konjunkturane peika litt oppover like før krigen. Vi ærar og takkar desse ni av bygdas beste borgarar med nams nemning – industrigründerar, musikarar, multikunstnarar og nokre seinare milorgmenn: Gustav Lund (formann), Harald Kuven (sekretær), Ivar Tvedt (kasserar), Nils J. Lund, Jakob Hjelle, Sigurd Bugge, Sverre Nicolaysen, Magne Bøe og Mons H. Lyssand.

Arkitekten

Desse karane, som representerte begge foreiningane, engasjerte også ein av dei toneangivande arkitektane på denne tida, Johan Lindstrøm, som vart gitt frie taumar til å skapa eit praktbygg der oppe i Mobergshaugane. Ikkje lenger berre eit symbolbygg, men etter kvart også eit signalbygg, som vart ein viktig og tydeleg del av bygda sin identitet.

Johan Lindstrøm (893-1958) som klarte å gi Fjellheim dette flottearkitektoniske uttrykket den gongen, var ein av dei mest produktive i sitt fag i førre hundreåret. For han var det viktig å ivareta og vidareføra vestnorske byggetradisjonar. Lærdølen var allsidig og oppteken av alle former for arkitektur, brukskunst og husflid. Han hadde eit nært forhold til den famle bygdekulturen, som tydeleg kjem fram i det sterke engasjementet hans for samtidskunst og fortidsvern.

I 1928 vart han formann for Vestlandske Husflidslag, og at han frå¨1924 leia arbeidet med å restaurera ruinane etter Lyse kloster, viser nærleiken til Osbygda. Samstundes gjorde han tilsvarande arbeidsinnsats på middelalderkyrkja i Aurland. Dette viser interesse, kunnskap og arbeidsinnsats. Eit anna døme på den stilsikre smaken hans, og den hendige handa, er måten han leia restaureringa av Håkonshallen i Bergen etter krigen.

Lindstrøm teikna fleira ungdomshus rundt om på Vestlandet i denne klassisistiske og strenge stilen med symmetriske fasadar, rektangulært grunnplan og valma tak – som i Dale i Sunnfjord, Valestrandsfossen på Osterøy og Leikanger i Sogn. I denne stilen ser vi heldigvis framleis Fjellheim stå der i skråninga skodande majestetisk utover Osøyro etter alle desse åra.

Mykje brukt

Her trente turndamene, herreturnarane og alle partia med barn, friidrettsfantastane og fotballfolket i Os Turnforening, og Os Musikkforening sine orkester hadde sine faste øvingar i vinterhalvåret fram mot flotte festkonsertar. Tiår etter tiår. Og innanfor Fjellheim sine fire vegger voks etterkrigsgenerasjonane opp.

Men den folkelege kulturen gav seg også andre uttrykk. Folk kom i flokk og følgje for å sjå revyane utetter 30-talet og tilsvarande tiltak i mindre målstokk på 50-taet. Frå 1978 sytte så ”Fritio” for eir variert kunst og kulturtilbod i mange år.

Finkulturen frå byen i nord fekk også osingane til å fylla Fjellheim – om det var Den Nasjonale Scene som varta opp med ”Gjengangere” av Henrik Ibsen 7. februar 1938, eller Musikselskapet Harmoniens Orkester med sine 53 musikarar som gav konsert med Symfoni nr. 5 av Beethoven og Os-songen (!) på programmet den 25. november 1951. For å nemna nokre få av mange store fest-dagar i Fjellheim.

Elles var det filmframsyningane i førfjernsynstida som fekk folk frå heile bygda til å gå ”mann (og kvinne) av huse”. Ein dryg mannsalder frå 30-talet og utetter 60-talet kunne køen til 19- og 21-filmane nærma seg skifabrikken (der Best-stasjonen er no). Dette var i kinofilmen og Hollywood sine glansdagar (no er det vel kanskje berre Kirk Douglas igjen av heltane våre), før fjernsynet fekk folk til å halda seg heime for å sjå pausefiskane som sumde og sumde.

Det vil føre for langt her å finne fram til dei fleste fjellheimbrukarar gjennom åra, sjølvsagt, men skuleelevar har nytta Fjellheim flittig i etterkrigstida fram til ungdomsskulebygget stod ferdig i 1966. Også Os Musikkskule under sine fire forskjellige nam (no: Os kulturskule) fann fram til Fjellheim for sine aktivitetar i årevis. Her ser vi at truleg tusentals tidlegare elevar – som no er komne til skjels år og alder – har eit nært forhold til Fjellheim frå skuletida si.

Ny bruksverdi

Aksjonsgruppa ”Bevar Fjellheim” har gjort ein kjempeinnsats både i  media og mellom politikarar for å få det gamle kulturhuset til å bli ståande trygt oppe i skråninga for framtida. Dei har vel ganske klart dokumentert eit folkeleg behov for eit forsamlingslokale til ein relativt rimeleg pris, så dette er det ikkje nødvendig å komma nærare innpå her. Men huset kan heilt sikkert også brukast til anna – kontorlokale i kjellaren til dømes. Det viktigaste er at Fjellheim har ei framtid, sjølv om det skulle kosta nokre skattekroner.

Det er berre nokre få bygningar som gir Osøyro slik identitet at heimavla og innflytta osingar har ei kjensle av å høyra til og farande folk ein følelse av å kjenna seg att, og Fjellheim er ein av desse bygningane. Runda du Jordmorsvingen før i tida eller passerte Bahusfabrikken (no Os Næringspark) etter et nyevegen kom i 1963, såg du først Gamleskulen (frå 1914) og Os kykje (frå 1870) til venstre og Fjellheim oppe i skråninga til høgre. Då visste du at Osøyro var like rundt hjørnet, og kanskje kunne du sjå bort på kona (eller mannen) for å minnast akkurat den laurdagsdansen i Fjellheim som førte fram til både ekteskap og barna i baksetet. Frå sør er det nok stasjonsbygningen  og Vognhallen som får folk til å nikka gjenkjennande i forbifarten, og frå aust har den 60 år gamle Irisfabrikken også en posisjon i så måte.

Så må det gamle kommunehuset nemnast, som har stått på Øyro sidan 1884 (eigentleg bygd på Molda kring 1720) og som difor har historisk tyngd, sjølv om huset vart flytta utor sentrum og opp på Kyrkjeflaten for nokre år sidan. Men Prestegården må sjølvsagt ikkje gløymast med sitt herskapelege hovudhus og med eldre bygningar liggjande rundt – spesielt nemner vi Borgstova (Gamlestova) frå ca 1350, som ein a dei eldste trebygningane i landet. Så kan vi berre beklaga at det stilfulle, gamle bygget til Os Privatbank frå 30-tal miste mykje av sin gamle glans då det blei bygd saman med ”nyebanken” for nokre år sidan.

Ta fortida med inn i framtida

Når ein ser på stasjonsbygningane, der dei står så fine og nypussa, kan ein kanskje lura på kvifor det staselege kulturhuset Fjellheim ikkje allereie er blitt freda. Ein tanke som fleire burde tenna på når ein ser dette signalbygget, som har spela ei så viktig rolle i bygda si historie og har blitt ein tydeleg del av Os kommune sin identitet. Dessverre er det ofte vanskeleg å sjå verdien av det som var, fordi ein finner ut at det står i vegen for noko som skal komma. Då kan politikarane få rivingstankar i hovudet, utan å ha tenkt godt nok gjennom konsekvensane. Pengane tek styringa. Og den siste mannsalderen har nok Os kommune fått føla på alle sider av eigaransvaret, etter at hovudinntektskjelda gjennom mange år, laurdagsdansane, gjekk ut på dato.

Fjellheim fortener ikkje å hamna på historia sin skraphaug. Den staselege bygningen er i bra stand – seier folk som har god greie på det – og bør framleis vera eit symbol på det som var. Vidare eit signalbygg til og eit brukshus for noverande og framtidige osingar. Desse betraktningane har lite med nostalgi å gjera, men meir med viljen til og verdien av å ta fortida med seg inn i framtide.

This entry was posted in Lesarinnlegg i lokalpressa. Bookmark the permalink.

Comments are closed.