Betre dialog om Fjellheim

– Os og Fusaposten 8. juni 2013

”Foreningen Bevar Fjellheim” har utsett å leggja fram ”innbyggjar-initiativet” for kommunen. Dei opplever nemleg ein auka politisk vilje til å jobba saman for å bevara samfunnshuset i Os.

I februar publiserte ”Os og Fusaposten” eir lengre intervju med Olaug Tvedt Keys, Karin Daviknes og Rolf H. Bjørø i ”Foreningen Bevar Fjellheim”, som oppstod i kjølvatnet av stengninga i 2011.
Sidan har dei jobba for at kommunen skal omgjera vedtaket om å riva det dei meiner er eit ”fullt brukandes og svært naudsynt samfunnshus” og selja grunnen det står på.
I siste intervju fortalde Fjellheim-forkjemparane at foreininga var i gang med å mobilisere osingar og politikarar til å vera med på å fremja det såkalla ”innbyggjarinitiativet”. I kommuneloven paragraf 39a står det nemleg at innbyggjarar kan, med 300 underskrifter, krevja at ei sak vert tatt opp att dersom ho ikkje vart vedteken i noverande fireårsperiode. Kommunestyret vedtok at Fjellheim skulle rivast og seljast 16. desember 2008, altså i førre periode.
– Dette er ein viktig prosess for lokaldemokratiet. Alle har rett til å bli høyrt, sa Olaug Keys den gongen.
Med dei tidlegare 4.000 innsamla underskriftene, skulle det vera ei smal sak å få fremja ”innbyggjarinitiativet”, i følgje Keys.
Betre dialog med kommunen
I dag fortel Keys at foreininga har vore i møte med dei politiske partia i Os, og at resultatet har vore positivt, også frå posisjonspartia Framstegspartiet og Høgre.
– Konklusjonen frå møta er at me må få tak i ein tilstandsrapport for Fjellheim og anslå prisen for
å få huset i godkjent stand igjen. Dette kan me alt no konstatera vil vera ganske overkommeleg. Me skal også få satt opp eit budsjett for drift i tre år framover, seier ho.
Målet til foreininga er at Os kommune bevarer Fjellheim og opnar huset for drift, og at ”Foreininga Bevar Fjellheim” får drifta det til beste for lokale lag, organisasjonar og lokalsamfunnet elles.
– Grunna dei positive signala me har fått frå politisk hald den siste tida, har me difor avventa å
leggja fram ”innbyggjarinitiativet” inntil vidare, fortel Keys.
– For alle våre støttespelarar ynskjer me å forsikra om at me framleis har fullt fokus på å bevara
Fjellheim. Me jobbar iherdig for å nå målet, men dette tek tid. Med betre politisk forståing og velvilje, slik me opplever no, er me sikre på at dei gode kreftene i Os vil jobba saman for å bevara denne viktige kulturarven, seier ho.

This entry was posted in Lesarinnlegg i lokalpressa. Bookmark the permalink.

Comments are closed.