Fjellheim sin identitet og kulturhistoriske verdi

 Som bygg er Fjellheim eit strålande monument over frivillig ungdomsarbeid i Os gjennom generasjonar. Det er eit hus som har hatt kulturhistorisk verdi for bygda gjennom hundre år. Det å ha eit slikt hus med slik  identitetsskapande verdi, er såleis ei gåve i ein prosess med stadanalyse og mogligheitsstudie. Når ein ser på ulike føringar for tettstadsutvikling dei siste tiåra, vert det særeigne og identitetsskapande på ein stad løfta fram som gode pilarar for ei vidareutvikling av området. Vi meiner difor at det i planen som no ligg føre, er feil å fjerna det som nettopp kan nyttast positivt i utviklinga av kommunen sitt senter. Vi kan difor ikkje godta at riving av Fjellheim er ein premiss for områdeplanen.

Huset Fjellheim – arkitektonisk verdi.

Huset var eit  ambisiøst prosjekt i sin generasjon av kulturhus. Forsamlings- og kulturhuset Fjellheim vart teikna av arkitekt Johan Lindstrøm i nyklassisisme med element av art deco stil. Huset vart opna i 1938 etter at huset som vart bygd for Os turn og Os musikkforeining i 1911 brann ned i 1936. I 1989 overtok Os kommune eigarskapen og driftsansvaret. I utsegn frå Hordaland fylkeskommune heiter det: «Bygningen er eit kulturminne med høg lokal og regional kulturminneverdi. Den har høge arkitektoniske kvalitetar, og er eit viktig kulturminne som gjev kunnskap om ei frivillige organisasjonane (Turn og musikklag) si kulturhistorie, samstundes som det var det «første» kulturhuset som vart bygd i Os kommune.»

Vi kan ikkje sjå at det er tatt omsyn til at bygget har høg arkitektonisk verdi, og at det er  vurdert som eit viktig kulturminne, når det no er framlegg om riving. Vi meiner at også desse momenta understøtter kravet om bevaring.

 

This entry was posted in Lesarinnlegg i lokalpressa. Bookmark the permalink.

Comments are closed.