Slik bergar vi Fjellheim – Midtsiden 1. juni 2012

Det er massiv oppslutning om Fjellheim-aksjonen, noko ikkje minst alle innlegga i avisa ber bod om. Det same gjer tusenvis av underskrifter på oppropet om å bevara Fjellheim.

Vi ville gjerne at Os kommune dreiv huset vidare, men dersom det er slik som politikarane hevdar, at ein ikkje har råd til å halda oss med to kultur- hus, finst det andre løysingar.

1. Framtidige brukarar av Fjellheim opprettar stiftinga ”Fjellheim”.

2. Stiftinga overtar Fjellheim for ein symbolsk sum (kr 1).

3. Stiftinga rustar opp Fjellheim slik at huset igjen blir godkjent til dagleg bruk.

4. Stiftinga ”Fjellheim” står for dagleg drift, utleige osv av huset.

På denne måten ”løftar” vi problemet frå dei gjeldstyngde skuldrene til kommunepolitikarane, samstundes som osingane får tilbake huset i deira hjarte, og unge og gamle atter kan fylla Fjellheim med aktivitet og glede.

Sjølvsagt vil dette kosta pengar – det er ingen ting i livet som er gratis – men vi arbeider med ein økonomiplan.

Bevar Fjellheim-aksjonen 
Anders Hauge

This entry was posted in Lesarinnlegg i lokalpressa and tagged . Bookmark the permalink.

Comments are closed.