Eg har stor tiltru! – Os og Fusaposten 22. august 2012

Eg har den tiltru til rådmannen og leiarane i Os kommune at dei no veit kva osingane vil.   At prosjektgruppa som skal gjennomgå pålegga no veit kva Arbeidstilsynet krev.
Og – ikkje minst – at politikarane no skjønar kva som er det beste og rimelegaste alternativet for å få levelege tilhøve både for kulturskulen og det frivillige musikklivet.
Fjellheim er dette alternativet!
I 1950 åra kom planar for utbygging av anlegget, med teikningar og modell av Johan Lindstrøm, som også hadde vore arkitekt for hovudbygget. Os Musikk- og Turnforening fekk ennomført andre byggetrinn då – den såkalla vaktmeisterbustaden, med bustad i toppetasjen og sal for enkelt- og gruppeundervisning i hovudetasjen. Terrenget vart også utforma for neste byggetrinn – overbygg mellom husa. Det skulle stetta krava for å kunna ta imot rikskulturen sine tilbod om konsertar og framsyningar, og ein avlastingsgymsal i den tida Os skule brukte Fjellheim. Diverre vart ikkje dette tredje byggetrinnet realisert.

Dette er ein skule
Musikkskulen har i nyare tid jamt over vorte stemoderleg behandla. I 1990-åra vart skulen “nedlagt” i kvart budsjettforslag – heilt til Stortinget lovheimla kulturskular i 1997. I noverande misere snakkar alle dei ansvarlege om øvingsrom for instrumentalopplæringa. Men dette er ein skule, og då snakkar ein om undervisningsrom. Alle som har vore med i prosessane burde vita at det er ein vesentleg skilnad på øvings- og undervisningsrom!
Heilt sidan musikkskulen vart kommunal i 1979 har eldsjeler “brent” for å skapa eit senter som kunstnarleg utfalding kunne stråla ut frå. Der ein kunne ha nærleik til administrasjon og kollegaer, og leggja til rette for samarbeid med skulane, barnehagane og fritidskulturlivet.
Kulturskulen (som først heitte Musikkskulen, og seinare Musikk- og kulturskulen før han fekk sitt noverande namn i samband med stortingsvedtaket i 1997) har vist
ved mange høve opp gjennom åra at samarbeid munnar ut i flotte framsyningar som har kunna måla seg med dei profesjonelle. Foreldra har alltid slutta tett opp om skulen – for a bidra til at borna skal få utfordringar og opplevingar for livet.
Dei som får opplæring pa eit instrument og slik lærer å meistra det. får ikkje berre glede av det sjølve. Det blir også til glede for andre – og saman med andre i kor, band, korps eller orkester.
Ikkje “strø» kulturskulen utover heile bygda. Ikkje øydelegg initiativ og kreativitet!
Ikkje “tær» meir på dei tilsette!
Om ein fullfører Fjellheim etter modellen frå 1950 åra, og slik tek heile anlegget i bruk – då vil ikkje berre kulturskuletilsette jubla! Anlegget av i dag er ein god start.

Mette Samdal

PS! Eg trudde og at rådmannen prøvde å servera ein aprilspøk i august.

This entry was posted in Lesarinnlegg i lokalpressa and tagged . Bookmark the permalink.

Comments are closed.