Aksjonsgruppa

Dette er Foreningen Bevar Fjellheim:

Karin Daviknes, Rolf H. Bjørø, Trym Jensen, Anders Hauge, Odd Lyssand, Harald Lyssand, Tove Nøss, Reidun Hafstad Parkes, Tore Moberg, Olaug Tvedt Keys, Ingun Meiler, Mona Lyssand og Mons Christian Hauge.

Vil du vera med i gruppa eller støtta saken på andre måter? Send ein epost til bevarfjellheim@hotmail.com

Eller ta kontakt på Facebook: Foreningen Bevar Fjellheim

Os kommune i Hordaland har planar om å selja kulturhuset Fjellheim med tomt – ev. riva bygget!

Vi meiner at det fortsatt vil vera trong for Fjellheim i framtida.

– I åra som kjem vil Os få aukande folketal.

– Det er behov for ein arena med husleige som dei mindre laga kan makta.

– Fjellheim er ein stad der ungdom kan få organisasjons- og arrangements-røynsle – der dei kan vera og læra.

– Oseana er ein flott tilvekst, men lovnaden om låg leige til friviljuge lag er ikkje innfridd.

– Plasseringa gjer det og til ei god investering for Os kommune å behalda Fjellheim.

– Trongen for eit livssynsnøytralt samfunnshus til konfirmasjon, bryllaup og gravferd blir også aukande.

– Fjellheim har ein stor kulturhistorisk verdi for bygda og er ein del av vår identitet. Som nytt var det landet sitt største ungdomshus.

– Fjellheim er eit monument over friviljug arbeid.

– Os er ei rik kulturbygd. Det er trong for både Oseana og Fjellheim. Dei er ulike arenaer som dekker ulike behov!

 Det er no det gjeld –  Dette er alvor – Tida er knapp

Redd Fjellheim før det er for seint – ikkje la oss mista det for alltid!!

 Skriv deg på lista no!!

Comments are closed.