BEVAR FJELLEIM!! – Os og Fusaposten 11. mars 2012

I onsdagsavisa uttalde dei respektive partileiarane seg om aksjonen for å bevara Fjellheim. Det blei då gitt uttrykk for eit sprikande syn på saka, men fleire gav uttrykk for at sal av Fjellheim hadde vore ein føresetnad for å finansiera Oseana. Nokon meinte òg at det ikkje var behov for både Oseana og Fjellheim og at kommunen ikkje ville ha råd til å ha begge deler.

Det var elles ei gjengs oppfatning av at kommunen måtte finna løysningar som ivaretar interessene og behova til våre lokale lag og organisasjonar som i dag ikkje slepp til i – eller har råd til å betale – for å være i Oseana.

Det ser ut til at få av dei spurde er kjende med det som er røynda for laga i Os i dag. For eit lag som skulle ha ei framsyning i Oseana, og nokre øvingar i forkant, vart kostnaden på 59.000 kroner. Det var etter at rabatten for lokale lag var trekt i frå! Kor mange av laga i Os har råd til ein slik sum for eit arrangement.

Dei same politikarane som lova plass og leveleg pris til lagslivet i Os, har endra premissane, og då må dei også vera villige til å sjå på om det tidlegare vedtaket med sal av Fjellheim er teneleg for kommunen og innbyggjarane.

Det som er klart er at Oseana er blitt eit flott kulturhus, men er ikkje rekna for å ivareta behovet til den daglige drifta av våre lokale lag og organisasjonar som har fått store problem med si drift og medlemsoppslutning etter at kommunen valde å stenga Fjellheim. Gustav Bahus gjekk elles sterkt ut med ein påstand om at det ville krevje 60 til 80 millionar kroner å setta Fjellheim i stand. Vi tillèt oss å tvila sterkt på denne påstanden og betraktar det for det dette nok var meint som –  eit skremmeskot for å setja ein stoppar  for folkeaksjonen for å bevara Fjellheim. Og til Marie Bruarøy – ho har tydeligvis ikkje vore ein av dei som har leigd i Fjellheim. Alle lag har betalt for seg i Fjellheim!  Og kven er det ho samanliknar oss med? Vi kjenner fleire lag i andre bygder der politikarane legg til rette for kulturaktivitetar for ungdom – til ein sum laga har råd å betala.  Men dette er ikkje lenger tilfelle her i Os. Forslag om at dei kan få plass i ymse gymsalar, kjellarar og andre ledige lokal bekreftar at enkelte ikkje har heilt forstått kva laga står for og driv med.

Det skal heller ikkje underslåast at Fjellheim er ein sers viktig del av kommunen si n identitet som mange har eit forhold til. Heller ikkje at dette er ei merkevare som er kjend langt utanfor våre kommunegrenser.

Vi er snart 18-tusen innbyggarar i Os, og enda fleire blir vi. Behovet for plass til kulturlivet sine lag og organisasjonar vil berre auke etter kvart som innbyggartalet stig. Det vil pressa gjennom eit behov for eit tilbod som Fjellheim i dag representerar, eit behov som kommunen vil bli pressa til å legga til rette for.

Dersom kommunen fjernar Fjellheim vil dei om ikkje lenge bli nøydde til å skaffa eit tilsvarande tilbod, men då har dei ikkje lenger ein sentral tomt til dette føremålet. Og om dei skulle klara å finna ein, vil dette bli ein kostbar tomt og eit nytt bygg vil definitivt kosta fleire titals millionar kroner meir enn det kommunen eventuelt måtte få  ved å selja det tilbodet som allereie eksisterar i Fjellheim.

Aksjonsgruppa: Bevar Fjellheim har allereie dokumentasjon på at det er ein enorm oppslutnad blant folket for å bevara Fjellheim. Denne dokumentasjonen vil bli lagt fram til rett tid. Det er politikarane som bestemmer, men det er også folket og folkets vilje dei er valde inn for å ivareta. Dette er ei sak som vil vise om det er tilfelle eller ikkje. Om politikarane er viljuge til å høyra på meininga  til folket eller berre oversjå den.

Som kjend; Det er inga skam å snu! Lytt til folkeviljen og ta den på alvor!

Foreningen Bevar Fjellheim

This entry was posted in Innlegg frå aksjonsgruppa and tagged . Bookmark the permalink.

Comments are closed.